Kurs for nye politikarar
Det er gjerne vanskeleg å vera politikar, for journalistar og andre kan vera pågåande og aggressive. Her er nokre måtar der ein kan koma seg unna vanskelege og ubehagelege spørsmål:
Du framstår på ein overbevisande måte og svarer: ”Eg er glad for at du stiller dette spørsmålet”.
Bagatellisera eit tap eller underskot. Du siterer Ibsen: “Evig eies kun det tapte”.’
Bruka eit stort ordforråd, til dømes: “Eg har ikkje forandra meining, men skifta standpunkt.'
Leggja skulda på andre. Du seier til dømes: “Me har nyleg fått nye signal ifrå statsforvaltaren om at …..”
Du unnvik spørsmålet og seier:” Denne saka er så vanskeleg at ho må utgreiast meir”.
Siste utveg. Du svarer på noko anna enn det journalisten spør om.