Det leid utpå hausten, og det var vått og mørkt mellom dei høge fjella i dalen. Humøret var ikkje det beste. So var det ein kveld at eg nettopp hadde lagt meg. Eg var halvveges vaken og halvveges i søvne. Då tykte eg at det kom ein liten mann bort til senga mi. Han bøygde seg litt ned og sa: ”Du må ikkje missa motet, snart kjem juleølet”. Om morgonen tenkte eg på dette, men visste ikkje heilt kva eg skulle tru. Eg såg meg rundt og såg det var noko rusk på golvet som eg ikkje hadde sett før.