Det var ein dag eg følte tydeleg at det var noko som ikkje stemte. Eg starta datamaskina, men der var alt som vanleg. Eg starta bilen og høyrde etter ulydar, men alt synest å fungera normalt. Eg klarte ikkje å finna noko som var gale.
Men då eg skulle leggja meg om kvelden, fann eg feilen. Det viste seg at eg hadde knappa skjorta feil. Den øvste knappen var knappa i det nest øvste holet. Dette hadde forplanta seg nedover, slik at den nest siste knappen var knappa i det nedste holet. Då eg tok av meg skjorta, vart feilen eliminert.