I 1822 opna den første sparebanken i Noreg, Christiania Sparebank. Føremålet med banken var 1) å oppfordra folk med middels og låg inntekt, arbeidsfolk og tenestefolk, til spara meir og forbruka mindre 2) å spara for å sikra seg i alderdomen.
Allereie i 1823 kom det sparebankar i Bergen og i Trondheim. I 1826 var det 9 sparebankar i byane. Den første bygdebanken, Ringerike sparebank, kom i 1833. Den første forretningsbanken, Christiania Kreditkasse, vart etablert i 1858. Då var det 80 sparebankar i Norge.