Eg var til tannlegen i Aurland, og då han endeleg var ferdig sa han: Du må ikkje eta på to timar og ikkje drikka øl på tre veker. “Men, kan det vera nødvendig”, sa eg. “Ja, det står i rundskriv frå helsedirektøren, men det går an å søkja om dispensasjon” “Korleis gjer eg det?”, spurde eg. “ Du kan be om det. Ja då ber eg om det no”. Greit sa han, det er innvilga.