Han Ola hadde problem med nattesøvnen, og han måtte ta ein tur til doktoren. “Kva kan eg hjelpa deg med”, sa han. “Eg søv så dårleg om natta, eg ligg og snur meg heile tida”. “Hm”, sa doktoren, “dette er ikkje eit uvanleg problem. Men det er botemiddel. Det finns ein chip som du kan festa på sida og som tel kor mange gonger du snur deg per natt. Det er ein tilsett på universitetet i Namsos som har forska på dette. Han har sett opp ein enkel tabell som fortel kva du skal gjera. Viss du snur deg mindre enn 20 gonger per natt, så forheld du deg roleg. Viss du snur deg mellom 20 og 30 gonger per natt, då ringjer du til fastlegen. Men viss du snur deg meir enn 30 gonger, då ringjer du etter ambulansen. “Skal me prøva dette”? “Ja”, sa han Ola, “det gjer me”.