1816 - Norges Bank
Det første ordentlege Stortinget starta behandlinga av det norske pengestellet i oktober 1815, og den enda opp med Lov om pengestellet i april 1816.
Dei viktigaste prinsippa i lova var at det skulle opprettast ein frittståande nasjonal bank, seinare kalla Norges Bank. Rigsbankdalaren frå 1813 skulle bytast ut med ei ny pengeeining, spesidalar, basert på eit sølvfond på mellom 2 og 3 millionar spesidalar.
Norges Bank skulle ha rett til å utferda setlar for inntil det doble av verdien av sølvfondet, og spesidalaren skulle kunna vekslast inn mot ein bestemt verdi av sølv.
Rigsbankdalarane skulle løysast inn mot spesidalar i forholdet 10:1. 10 rigsbankdalar gav dermed 1 spesidalar. Den norske spesidalaren skulle i utgangspunktet ha den same verdien som den nordtyske spesidalaren, kalla Hamburger Banco.
I juni 1816 gjekk det ut innbyding til aksjeteikning i banken. Ved utløpet av teikningsfristen i september månad var det teikna berre 4000 aksjar à 200 spd, men behovet var 10 000 aksjar. Tvungne innskot vart i samsvar med tidlegare stortingsvedtak sette i verk.
Likningslistene på skatteytarane vart sette opp lokalt hausten 1816. Dei vart sende inn til styret for Norges Bank for kontroll og sende tilbake til lokale styresmakter til innkassering. Ved slutten av 1817 var det innbetalt 214 000 spesidalar i bankinnskot. Det vart på visse vilkår gjeve utsetjing til 13. april 1819 med innbetaling av innskot. Ved utgangen av 1819 var det innbetalt 1 753 000 spd, og restansane var på 247 000 spd. I 1820 var restansane 108 000 spd.
I desember 1817 vart dei første setlane, i alt 178 000 spd, tekne i bruk. I mai 1818 hadde Norges Bank 1 544 000 spd til disposisjon. Spesidalaren fall straks i verdi på grunn av vanskar i næringslivet og i utanrikshandelen. Norges Bank hadde, saman med andre instansar, fått rett til å bestemma når sølvinnveksling kunne ta til. Først i 1822 begynte innveksling av setlar mot sølv, og 1. januar 1823 vart kursen sett til 190 %. Det vil seia at ved innveksling måtte ein betala 190 spesidalar for den sølvmengda som i utgangspunktet, ved lova av 1816, hadde ein verdi på 100 spesidalar. Den norske økonomien betra seg etter kvart, og i 1824 vart kursen sett til 150 %. .