1814 - Grunnlova

I mai 1813 kom prins Christian Frederik frå Danmark til Norge for å bli stathaldar. Norge var ein del av Danmark og heilt og fullt styrt frå København. Det var krig i Europa, og Danmark kjempa saman med Frankrike mot England, Sverige, Russland, Preussen og andre tyske statar. I januar 1814 tok Sverige kontroll over Danmark og tvinga gjennom at Danmarik skulle gje frå seg Norge til Sverige. 
Prins Christian Frederik og nokre leiande menn kom saman og bestemt at Norge skulle erklæra seg sjølvstendig. Kvar kyrkjelyd, unnateke dei i Nord-Norge, heldt i tida februar-mars ei gudsteneste der dei avla ein truskapseid til landet og heldt val på valmenn. Valmennene møttest i sine heimefylke, og valde utsendingane til riksforsamlinga på Eidsvoll.
 
Riksforsamlinga, som bestod av 112 menn, tok til 12. april. Forsamlinga arbeidde ut ei grunnlov som sa at Norge skulle vera eit fritt og udeleleg kongerike. Det skulle vera ei lovgjevande forsamling som skulle ha ansvaret for fastsetjing av skattar og løyvingar. Kongen skulle ha ansvaret for utanrikspolitikken og militærstellet, og det vart oppretta eit statsråd og to etatar direkte under kongen. Kongen skulle veljast av Stortinget.  
Det skulle haldast val til Stortinget kvart 3. år. Det vart gjeve stemmerett til alle norske borgarar som hadde butt i landet i 5 år og hadde fylt 25 år. Desse måtte vera eller ha vore embetsmenn, eller eiga jord, eller i meir enn 5 år ha bygsla matrikulert jord eller vera borgarar i by og kjøpstad og ha eigedom over ein viss verdi. 
Grunnlova slo fast viktige personlege og sivile rettar som rettstryggleik, religionsfridom og pressefridom. 17. mai vart Christian Frederik vald til Norges konge. 

Sverige og stormaktene, godtok ikkje dette, og 26. juli 1814 erklærte den svenske hærføraren og tronarvingen, Carl Johan, Norge krig. Det vart våpenkvile 8. august og forhandlingar om ein framtidig union mellom Sverige og Norge. Den 7. oktober vart det halde omframt Storting. Christian Frederik skreiv under på ei abdikasjonserklæring og forlet landet 10. oktober. Grunnlova vart i store trekk ståande slik ho var. Den svenske kongen og den svenske utanriksministeren skulle representera begge landa, og den norske statsministeren skulle ha kontor i Stockholm. 4. november 1814 vart Carl Johan 13., konge i Sverige, vald til konge i Sverige-Norge.