1905
I unionen mellom Sverige og Norge var det Sverige som hadde utanriksministeren og styringa med alle utanrikstenestene. Norge var ikkje nøgde med denne ordninga, og i 1892 vedtok Stortinget ein plan for å skipa eit eige norsk konsulatvesen. Kongen nekta å sanksjonera vedtaket. Det same skjedde i 1893, og regjeringa Johannes Steen, frå Reine Venstre, søkte avskjed. Kongen utnemnde straks ny regjering med Emil Stang, frå Høgre, som statsminister. Stortinget og regjeringa stod på kravet om eige norsk konsulatvesen, men måtte bøya av.
Våren 1895 gjekk Stortinget inn for å forhandla om eit eige norsk konsulatvesen. Det vart skipa ein eigen komitè, den såkalla unionskomitèen, med sju svenske og sju norske medlemer. Unionskomitèen la fram fire ulike innstillingar, men ingen av dei kunne brukast.
I februar 1898 vart Johannes Steen på nytt statsminister. Reine Venstre stod hardt på krava om eige konsulatvesen og opning for at ein nordmann kunne bli utanriksminister, men dei nådde ikkje fram.
I 1903 gjorde Høgre og Moderate Venstre eit godt val og Georg F. Hagerup danna koalisjons-regjering. Svenskane gjekk med på kravet om eige norsk konsulatvesen på vilkår av at utan-riksministeren og diplomatiet fekk ein kontrollerande funksjon. Dette kunne ikkje nord-mennene gå med på, og forhandlingane vart brotne 1. februar 1904.
11. mars 1905 danna Christian Michelsen, frå Høgre, ei samlingsregjering med statsrådar frå alle partia. Lov om eige norsk konsulatvesen vart vedteken av Stortinget i mai månad, men kongen, Oscar 2., nekta sanksjon. Regjeringa leverte straks inn sin avskjedssøknad, men kongen nekta å godta denne fordi han såg ikkje noka mulegheit for å utnemna ei ny regjering.
7. juni la regjeringa fram eit forslag til vedtak i Stortinget. Hovudpunktet i forslaget var at sidan kongen ikkje såg seg i stand til å utnemna ei ny norsk regjering, så erklærte Stortinget unionen for oppløyst. Stortinget vedtok dette forslaget samrøystes. 13. august vart det halde folkeavrøysting om saka, og 384 000 menn røysta mot union og 184 for.
Det var forhandlingar om unionsoppløysing i tida 31. august til 23. september. 12. og 13. november vart det halde folkeavrøysting om styreform, og 259 000 røysta for kongedøme og 69 000 for republikk. Prins Carl av Danmark vart invitert til å bli konge i Norge, og han kom til landet med kone og ein son 25. november 1905.