Det første dampskipet, “Constitutionen”, vart sett i drift mellom Kristiania (Oslo) og Kristiansand i 1827. Skipet vart bygt i Dover, England, og hadde to dampmaskiner på 40 hestekrefter kvar, og dei dreiv 2 skovlhjuler. Maskinene vart bygde i Birmingham, England.
Skipet var 99 fot langt og 17 fot breidt. Det hadde plass til 32 passasjerar og hadde ein toppfart på 7 knopp. Skipet brukte 2-3 dagar på ruta mellom Kristiania og Kristiansand, men gjekk då innom alle byane og tettstadene på strekninga.
Dampskip nr. to, “Prinds Carl” vart sett i drift omtrent samtidig. Skipet gjekk i rute mellom Fredrikshavn (Horten) og Danmark, og det korresponderte med “Constitutionen”.